Klage på helse- og velferdstenester

Klage på helse- og velferdstenester

Dersom du er ueinig i eit vedtak, eller ikkje er fornøgd med tenesta du får frå den kommunale helse- og velferdstenesta, har du rett til å klaga.

 

Du kan klaga dersom:

  • Du har fått avslag på ei teneste du har søkt om
  • Du har fått mindre hjelp enn du meiner du har behov for
  • Du meiner at dine rettar ikkje er oppfylt
  • Du opplever at tenestetilbodet ikkje blir følgt opp som avtalt

Slik klagar du

Klaga må vere skriftleg, og innehalda:

  • Ei forklaring på kva du klagar på
  • Kvifor du meiner vedtaket eller oppfølginga er feil
  • Namn, signatur og eventuelt fullmakt dersom du klagar på vegner av nokon andre

 

Send klaga til:

Ulvik herad v/Tildelingskontoret
Skeiesvegen 3
5730 Ulvik

Du kan også levera klaga på Tenestetorget eller direkte på Ulvik omsorgstun.

 

Kva skjer med klaga?

  1. Tildelingskontoret vil saman med tenesteutøver/eininga først gå gjennom klaga og vurdere om det skal gjerast endringar.
  2. Dersom du får medhald, får du nytt vedtak.
    • Dersom vedtaket ikkje vert endra, vert klaga sendt vidare til Statsforvaltaren.

Klagesaka vert då vurdert på nytt og Statsforvaltaren kan velje å stadfesta, oppheva eller endra vedtaket.

 

Rettleiing og hjelp til å klaga

Du har krav på rettleiing i samband med klaga. Treng du hjelp, kan du ta kontakt med oss – me kan forklara korleis du går fram.

Kontaktinformasjon:

Telefon: 40 00 71 91 eller 41 86 69 61

E-post: tildeling@ulvik.kommune.no (ver merksam på at sensitive opplysningar bør ikkje sendast på e-post)

 

Du kan og kontakta:

Pasient- og brukarombodet

Pasient- og brukarombodet gir uavhengig rettleiing og hjelp til pasientar, brukarar og pårørande – heilt gratis.

Du kan ta kontakt dersom du:

  • er misnøgd med helsehjelpa du har fått
  • meiner rettane dine ikkje blir oppfylte
  • treng informasjon om rettar, klageordningar eller ønsker råd og rettleiing

Du bestemmer sjølv om du vil vere anonym.

Pasient- og brukarombodet finst i alle fylke. For Vestland (kontor i Bergen), kan du ta kontakt på følgande måte:

  • Postadresse: Postboks 212 Skøyen, 0213 Oslo
  • Telefon: 40 50 16 00
  • Besøksadresse: Zander Kaaes gate 7, 5015 Bergen
  • E-post: vestland.bergen@pasientogbrukerombudet.no 
    (ikkje send sensitive opplysningar på e-post)
  • Sikker melding: Har du spørsmål som inneheld personsensitiv informasjon, kan du sende oss ei sikker melding via Altinn


Les meir på www.pasientogbrukerombudet.no