Personar som har nedsett funksjonsevne og som treng følgje for å delta i samfunnet kan søkja om følgjekort. Målet er å gjera deltaking enklare, førebygga isolasjon og bidra til auka livskvalitet for den enkelte.
Følgjekort er eit kort med bilete og namn på innehavaren. Ordninga er landsdekkjande og kan nyttast over kommune- og fylkesgrensene. Du må sjølv undersøkje om følgjekortet vert godteke på arrangementet du vil delta på. Ordninga skal gje følgje fri tilgang til offentlege kultur- og fritidsarrangement og offentlege transportmiddel der ordninga blir akseptert.
Følgjekort gjer ofte rett til "vis hensyn" armband i fornøyelsesparkar, slik at born slepp å stå i kø eller blir prioritert i kø. Følgjekort er ei norsk ordning og du kan ikkje rekna med at kortet blir akseptert i utlandet, men nokre av dei større fornøyelsesparkar (f.eks. Legoland, Liseberg, Disneyland) godtek ordninga.
Det er inga øvre aldersgrense.
Søknadsskjema følgjekort
Ved å fylle ut dette skjemaet sender du personopplysningar til oss.
Kvifor ber me om personopplysningar?
Me ber om personopplysningar for å kunne handsame førespurnaden din, gi deg tenesta du har bede om, og arkivere førespurnaden i tråd med norsk lov. Informasjonen du gir oss vil ikkje bli brukt til andre føremål.
Korleis handsamar me opplysningane dine?
Personopplysningane du fyller inn i dette skjemaet blir kryptert før dei blir sende til oss. Me vil lagre og handsame dei på ein trygg måte, og berre gjere dei tilgjengelege for dei som treng det for å ivareta føremålet ovanfor. Det betyr i praksis at dei blir tilgjengelege for saksbehandlarar, arkivmedarbeidarar og teknisk personell.
Kor lenge lagrar me personopplysningane dine?
Informasjonen blir lagra så lenge me har behov for det for å oppfylle føremålet som er skildra ovanfor. Me er pålagde å arkivere informasjon for ettertida i tråd med gjeldande lovverk.
Kva er det rettslege grunnlaget for handsaminga?
Lovverket krev at me yter våre offentlege tenester, og tillèt at me handsamar personopplysningar i samband med dette.
Digitale følgjekort
Ved å lasta ned appen "Ledsagerbevis" får ein følgjekortet opp på sin smarttelefon. For dei det er aktuelt for er det lagt inn funksjonalitet som gjer at føresette eller verje kan hjelpa til med administrering.
Me ynskjer i utgangspunktet at alle nyttar digitale følgjekort, då dette lettar sakshandsaminga og administrering av korta. For dei som av spesielle grunnar ynskjer eit fysisk følgjekort må dette spesifiserast og grunngjevast i søknad.
Om du allereie har fysisk følgjekort, og ynskjer digitalt følgjekort kan du ta kontakt med tildelingskontoret på tildeling@ulvik.kommune.no
Følgjekort kan passa til personar med:
- Rørslehemming
- Utviklingshemming
- Synshemming
- Høyrselshemming
- Og andre typar funksjonshemming som til dømes hjartesjukdom, lungesjukdom, psykiske lidingar m.m.
Kven kan følgje?
- Du bestemmer sjølv kven som til kvar tid vert tatt med som følgje.
- Det kan til dømes vera ein venn, familiemedlem eller fritidskontakt.
- Følgje får ikkje godtgjersle med mindre det inngår i ein annan avtale, til dømes i eit oppdrag som fritidskontakt.
Søknaden vert behandla så raskt som råd, og du får vanlegvis svar innan tre veker.