Koordinerande eining (KE)
Kva tilbyr me?
Koordinerande eining skal:
- Ta imot og svare på spørsmål relatert til kva tenester du kan få i det offentlege hjelpeapparatet.
- Ta imot og behandla søknad frå deg som har behov for koordinator/individuell plan eller barnekoordinator.
- Ta imot og behandle søknadar frå samarbeidspartar, internt og eksternt, som er i kontakt med personar som har behov for koordinator/individuell plan eller barnekoordinator
- Vera ein pådrivar og eit kontaktpunkt for samarbeid eksternt og internt på tvers av fagområde og nivå
(for eksempel med spesialisthelsetenester, og mellom ulike tenester i eigen kommune). - Ha det overordna ansvaret for arbeid med individuell plan og for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinatorar og barnekoordinatorar.
- Bidra til å sikra heilskaplege tilbod til pasientar og brukarar med behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering eller rehabilitering.
Lovheimel og regelverk
Koordinerande eining er ei lovpålagt oppgåve:
Kontaktinformasjon
E-post: tildeling@ulvik.kommune.no
Tlf.: 418 66 961
Meir informasjon
Du finn meir og utfyllande informasjon om KE på Helsedirektoratet sine heimesider
Publisert 29.04.2024 13.50
Sist endra 19.02.2026 14.00