Timebestilling/kontakt
For timebestilling kontakt Ulvik legekontor
Telefon: 56 52 70 40
Telefontid måndag – fredag kl. 08.30-16.00
Skeiesvegen 7, 5730 Ulvik
Første timebestilling må gjerast via telefon til legekontoret. Etter fyrste konsultasjon kan du kontakte oss via helsenorge.no, det er ein sikker og rask måte å kommunisere på. Du loggar deg på ved bruk av elektronisk id som f.eks bankid.
Me vil gjerne at partnar er med på konsultasjonane. Tenesta er gratis.
Svangerskapskonsultasjon
Nasjonalfagleg retningslinje for svangerskapsomsorgen anbefala fyrste svangerskapskontroll rundt svangerskapsveke 6 – 12. Frå 1. januar 2022 får alle gravide tilbod om tidleg ultralyd i veke 11-14. I tillegg får gravide som er over 35 år eller eldre ved termin tilbod om non invasiv prenatal test (NIPT). Dette er ein prøve av fosteret sitt DNA og består av ein blodprøve frå mor. Sjå video om fosterdiagnostikk her.
Du kan lese meir om svangerskapskontroll på Helsenorge:
Svangerskapskontrollar-helsenorge.no
Hugs å ta med til kvar kontroll
- Helsekort, blodprøvesvar og skjema frå ultrlayd,
- det kan vere lurt å samle alle svangerskapspapir i ei mappe - Urinprøve
- urinprøveglas får du kjøpt på apotek
Oppfølging etter fødsel
Me ynskjer å delta på oppfølging i den første tida med det nyfødde barnet. Jordmor tilbyr heimebesøk etter fødsel og kan tilby hjelp til familieplanlegging og val av prevensjon.
Jordmor på helsestasjon vil kontakte deg etter fødsel for tilbod om heimebesøk. Heimebesøk av jordmor vil skje innan den første veka etter fødsel. Jordmor vil blant anna hjelpe og rettleie deg med amming, gjere barselundersøkingar på mor og barn, vektkontroll av den nyfødde, samtale om fysisk og psykisk helse, samtale om fødselsoppleving og foreldrerolla. Det er viktig for oss at du får snakke om det du og partnaren din kjenner behov for på heimebesøk.
Helsesjukepleiar vil fylje vidare opp med heimebesøk innan 7-10 dagar etter fødsel, og basisprogram med helsekontrollar på helsestasjon fram til bornet er 5 år gammalt.