Flyktningetenesta

Flyktningtenesta koordinerer og legg til rette for busetjing av flyktningar til Ulvik. Situasjonen med krigen i Ukraina har ført til at me har teke imot til saman 27 flyktningar, og det vil komma fleire i løpet av tida som kjem. 

 

Det er ei utfordring både for flyktningane som kjem og for Ulvik som bygd. Me er avhengig av velvilje og samarbeid med bygdefolket for at dette skal bli ei så god oppleving som mogleg, for alle partar. 

 

Ta kontakt med flyktningtenesta, dersom det er noko du lurer på eller vil bidra med.

Velkomen til drop-in kvar torsdag frå 11.00-12.00.

 

Sarah Dijkstra er leiar for flyktningtenesta, og kan nås på epost eller tlf: 41866962