Ergoterapi til barn og unge

Ergoterapi er eit tilbod til menneske som av ulike grunnar har, eller står i fare for å få vanskar med å utføra og meistrar daglege aktivitetar. Ergoterapeutar fremmar aktivitetsutføring, legg til rette for meiningsfull aktivitet og utviklar inkluderande omgivnader for at flest mogleg skal kunna oppleva deltaking og meistring. Tenesta er gratis.

 

Ergoterapeuten kan arbeide inn mot både barnehage og skule. I tillegg er vedkomande med i ansvarsgrupper/koordinator og utarbeiding av individuell plan. Ergoterapeuten kan bidra i planlegging og tilrettelegging for overgang frå barnehage til skule, grunnskule til vidaregåande og frå heim til eigen bustad.

Her er nokre av dei tinga ein ergoterapeut kan bidra med:

  •  Observasjon og kartlegging av aktivitetar
  • Tilrettelegge aktiviteten - aktivitetsanalyse,
  • Redusere vanskegrad - finne alternative aktivitetar for dei som har utfordringar
  • Redusere stimuli
  • Fysisk tilrettelegging av omgivnadane både inne og ute

Ergoterapeuten kan også bidra i planlegging og tilrettelegging for overgang frå barnehage til skule, grunnskule til vidaregåande og frå heim til eigen bustad, og er ofte med i ansvarsgrupper/koordinator og utarbeiding av individuell plan.

Barnehage

  • Tilpasse leik og aktivitet
  • Kartlegge og trene på finmotorikk/blyantgrep
  • Trene på å vere sjølvstendig i ulike aktivitetar
  • Tilrettelegge omgivnadane:
    • Det kan vere fysisk
    • Legge til rette for leik med andre
    • Redusere stimuli for barn som treng skjerming

Skule

Ergoterapeutar kan vere ein del av tilbodet til elevar med samansette læringsvanskar eller forsinka finmotorisk utvikling som trenger tilpassa opplæring.

  • Ved hjelp av «kvardagsmeistring» - det vil sei tilrettelegging og trening på grunnleggande ferdigheiter i skulekvardagen, som:
    • Skriving
    • Klypping
    • Vere sjølvstendig i påkledning
  • Kartlegge og tilrettelegge for elever med sansemoduleringsvanskar som fører til uro og konsentrasjonsproblem.
  • Tilrettelegge for deltaking i aktivitetar i friminutta saman med andre elevar.

Heime

  • Tilrettelegge for leik – inne og ute
  • Trene og tilrettelegge for å bli sjølvstendig i ønska aktivitetar, som for eksempel å klare seg på badet sjølv eller ete sjølv.
  • Tilrettelegge for å lette omsorgsoppgåver for pårørande ved bruk av tekniske hjelpemidlar eller velferdsteknologi.

 

 

Kontaktinformasjon

Aina Samnøy

Ergoterapeut

Tlf: 40 07 71 91

Epost: Aina.Samnoy@ulvik.kommune.no

Storøyni 30, 5730 Ulvik

Opningstid

Måndag – fredag 08:00-15:30

 

Aina Samnøy
Ergoterapeut
E-post
Mobil 40 00 71 91