Psykisk helse og rusarbeid

Treng du nokon å snakka med om psykisk helse eller rusutfordringar?

Ta kontakt på tlf 41866963 kvardagar 8 - 15.30
Pårørande og andre som har behov for råd og rettleiing er også velkomne til å ta kontakt.

Psykisk helse og rusarbeid gjev tilbod til ungdom og vaksne over 16 år med utfordringar knytt til psykisk helse og/eller rus. For born og unge gis teneste-tilbodet frå helsestasjonen eller skulehelsetenesta, PPT og barneverntenesta. Du treng ikkje tilvisning frå fastlege for å ta kontakt. 


Psykisk helseteneste er eit tilbod for deg som opplever psykiske vanskar. For nokon vil psykiske utfordringar vere vanskeleg å handtera utan hjelp og støtte. Dersom du slit med depresjon, angst, sjølvskading, sjølmordstankar eller anna krise i livet, kan du få hjelp hjå oss. Utfordringane kan vere kortvarige eller meir langvarige.
 

Me tilbyr hjelp til deg og/eller dine pårørande til å finna sosiale aktivittetar, råd, rettleiing og indivduelle samtalar i heimen eller på tenestestad.
Det samme gjeld deg som har problematisk bruk av alkohol, illegale rusmidlar og/eller føreskrivne medikament. 
Me tilbyr individuelle samtalar for støtte og motivasjon.

Kontakt: 
Hege Holven, spesialvernepleiar, tlfnr 41866963
hege.holven@ulvik.kommune.no

Sjølvmordskrise? Suicidalfare?

Dersom du eller ein som står deg nær slit med tankar om å ta sitt eige liv, så søk hjelp!

Du kan ringa medisinsk nødtelefon 113 eller legevakt 116117.

Fastlegen eller psykisk helseteneste vil gi deg tid for samtale dersom du er i slik krise.

Fastlegane i Ulvik når du på tlf 56527040 på kvardagar i tida 08-16. 

Her kan du lesa om m.a førebygging av sjølvmord

 

Nettportal om vald i nære relasjonar og valdtekt

Til toppen