Barseltreff

Ulvik Helsestasjon arrangerer barseltreff kvar onsdag kl. 11.00-13.00 v/Ulvik Omsorgstun.

 

Barseltreff er møte mellom nybakte foreldre og deira babyar, som regel i foreldra sin barselpermisjon. Føremålet med treffa er å kunne dele erfaringar, oppmuntre og støtte kvarandre og få kontakt med andre som er i same livssituasjon. 

Å få barn er ei stor omvelting og det er til tider lett å føle seg sosialt isolert. Alle nybakte foreldre får informasjon om barseltreff når helsesjukepleiar er på heimebesøk. 

Barseltreffa er organisert slik at helsesjukepleiar deltek på nokre av treffa med ulike tema som amming, mental helse, motorisk utvikling og førstehjelp til spedbarn. Me har også besøk av fysioterapeut, logoped, kommunepsykolog, tannpleiar og lege. Det vert også lagt opp til besøk på biblioteket. 

Oversikt over datoar med tema får ein tilsendt av helsesjukepleiar på mail. Barseltreffet er ope for mor, far og barn frå dei er født og fram til barnehagestart.

Barseltreff er stengt i vekene 25-34  og på heilagdagar.

 

Ta kontakt med helsestasjon dersom oss har spørsmål.

 

Kontaktinformasjon

Gunnlaug Lekve

Helsesjukepleiar

Telefon: 40 00 71 43

E-post: gunnlaug.lekve@ulvik.kommune.no

 

Åshild Lekve Eide

Helsesjukepleiar

E-post: ashild.l.eide@ulvik.kommune.no

Telefon: 40 00 71 24

Til toppen