Tidlegrøysta:
Frå 1. juli til 8. august kan du tidlegrøysta i kva som helst kommune dersom du ikkje har høvet til å røysta i den ordinære førehandsrøysteperioden eller på valdagen 8. september.
Du kan tidlegrøysta i opningstida til tenestetorget på Sentrumsbygget.
I juli er opningstida på tenestetorget måndag, tysdag og torsdag, kl. 10:00 – 14:00.
Førehandsrøysting:
Startar 11. august og varer til 5. september.
Tenestetorget på Sentrumsbygget er hovudrøystestad for førehandsrøysting.
Kvardagar kl. 09.00 - 15.30
Utvida opningstider:
onsdag 27.8 og 3.9 til kl 18.
Laurdag 30.8 kl 10-14.
Førehandsrøysting på Ulvik Omsorgstun
Torsdag 4.9 kl 10:30-12:00.
Førehandsrøysting på Finse
Finse1222 tysdag 2.9 kl 11-15.
Valdagen 8. september
Storesalen på sentrumsbygget er røystelokale på valdagen, ope kl. 10.00–19.00.
Hugs legitimasjon! Ta gjerne med valkort
Tilrettelegging for spesielle grupper:
Blinde og svaksynte skal kunne røyste utan å be om hjelp.
Ambulerande røysting (røyste heime): Tilbod for dei som ikkje kan møte på røystestaden. Frist for søknad er 4. september kl. 12 .
Kontaktinfo heradet
Tlf: 56 52 70 00 eller e- post: post@ulvik.kommune.no
Valstyret
Ulvik herad