Søk om tapt arbeidsforteneste/møtegodtgjersle

Ulvik herad har gått over til digital innmelding av krav om møtegodtgjersle, slik at dette no er ei oppgåve for politikarane og ikkje noko som skjer automatisk frå administrasjonen. 

Alle er oppretta som brukar og har fått tilgang til systemet “Visma” 

Under fylgjer nokre lenkjer for pålogging:

 

https://ulvik-kommune.enterprise.visma.no/ -> Her finn du "Min side" som oppsummerer detaljar om arbeidshøve.

 

 

Om du klikker på blyantsymbolet i det mørkeblå feltet får du tilgang til å leggja inn eller endra bankkonto. 

 

https://home.visma.com/ -> Oversiktsside som kan nyttast som portal til Expense, og til løysing av tekniske utfordringar. Om du ikkje får logga deg på kan du gå hit og leggja inn e-post som brukarnamn og be om nytt passord. Dette vil tvinga gjennom pålogging. 

https://expense.visma.net/expense/ -> Side for innmelding av reiserekningar og krav om møtegodtgjersle. 

For å melda inn eit krav går du til sida for Expense:

 

 

Klikk på Opprett ny

Skriv inn skildring av kva kravet gjeld. Detaljane under fylgjer av stillinga som folkevald og trengs ikkje endrast. 

Klikk på lagre for å koma vidare. 

I neste vindauge, klikk på "Legg til ny"

Vel “Utlegg”

I feltet "Type utlegg" bla deg ned til "Møtegodtgjersle" og vel den som er rett for møtet. Inntil 4 timar, over 4 timar eller inntil 4 timar for vara. 

Ikkje legg inn beløp, men legg inn 1 som antal (evt. tal møter du har vore på om du legg inn fleire på ein gong."

Avslutt ved å klikka på "Legg til" nede til høgre. 

I neste bilete klikker du på "Send til godkjenning" og kravet er sendt til politisk sekretær for godkjenning. Om det ikkje er feil i kravet vil det verta utbetalt på neste lønskøyring som er den 12. kvar månad. 

Ta gjerne kontakt med politisk sekretær eller økonomisjef om du står fast eller ikkje får stega over til å fungera.