Informasjonspunkt i Ulvik herad

Me har etablert fire informasjonspunkt i Ulvik herad

 

Kva er eit informasjonspunkt? 

Eit informasjonspunkt er ein stad der kommunen kan gje informasjon til innbyggjarane når mobilnettet eller internett ikkje fungerer. 

 

Kva kan du få hjelp til?

  • få oppdatert informasjon om situasjonen lokalt
  • få informasjon om kommunen sine tenester og andre forhold som vedkjem innbyggjarane 
  • få hjelp til å formidla viktige meldingar vidare til naudetatane 

 

Viktig å vita! 

Informasjonspunktet erstattar ikkje eigenberedskap. Alle som kan, bør vera førebudde på å klara seg sjølve i éi veke. Då kan kommunen og naudetatane prioritera dei som treng mest hjelp.

Her finn du informasjonspunktene 

  • Osa (Sjovegen 20) 
  • Hallanger (Hallangervegen 152) 
  • Omsorgstunet (Storøyni 30) 
  • Finse (Finse 1222)

 

Informasjonspunkt i Ulvik herad