Felles beredskap
Ivar Kvaal/DSB
Døme på ting beredskapsvener kan hjelpe kvarandre med:
- Førstehjelp ved skadar
- Omsorg og støtte
- Opphald og overnatting ved evakuering frå eigen bustad
- Omsetjing og forklaring av informasjon frå styresmaktene
- Praktisk hjelp til bruk av utstyr og verktøy
- Innkjøp, bæring og transport
- Bytte eller byttelån av utstyr og varer
- Lån av mobiltelefon som er kopla til eit anna nett enn ditt
- Felles matlaging
Samarbeid og fellesskap er ein stor ressurs i kriser. Snakk med dei rundt deg om kva som kan skje, korleis de kan bli råka, og korleis de skal klare dykk saman.
Finn din beredskapsven
Finn ut kven som kan trenge di hjelp, og kven du kan få hjelp av. Med ulike eigenskapar og kunnskapar kan familiemedlemmer, vener og naboar utfylle kvarandre.
Frivillige organisasjonar
Skaff deg oversikt over frivillige organisasjonar og lag i nærmiljøet ditt. Innsats frå frivillige organisasjonar og trus- og livssynssamfunn løyser mange viktige oppgåver i kriser. Engasjer deg gjerne i den frivillige beredskapen.
På frivillig.no (ekstern side) kan du lese meir om korleis du kan bidra i frivillig arbeid.
Eigenberedskap i burettslag
Felleskap og naboskap i eit burettslag gir unike moglegheiter for samarbeid. Styret kan til dømes vurdere om ein kan gå saman om å lagre drikkevatn i kjellar eller andre fellesareal.
Fleire tips til korleis styret i burettslag og sameige kan bidra til å styrkje eigenberedskapen finn du i DSBs rettleiing for eigenberedskap i burettslag og sameige.
Styret har òg ansvar for å vurdere den samla risikoen i bygget ved oppbevaring av brannfarlege gassar og væsker.