Dersom mobilnett og internett ikkje verkar

Desse enkle grepa gjer det lettare å få viktig informasjon og halde kontakt med andre.

 

  1. Finn ut korleis kommunen informerer 
    Sjekk om kommunen vil etablere informasjonspunkt eller har andre planar for å dele viktig informasjon.
     
  2. Ver ein beredskapsven 
    Finn ut kven du kan hjelpe, kven du kan få hjelp av og kva utstyr de kan dele. Avtal møtestad dersom de ikkje får kontakt med kvarandre. 
     
  3. Skaff ein DAB-radio 
    Med ein DAB-radio som går på batteri, solceller eller sveiv, kan du få viktig informasjon frå styresmaktene sjølv om internett er nede. NRK P1 er beredskapskanalen.
     
  4. Vurder abonnement med ulike mobilnett 
    Ha nokon i din næraste omgangskrins med abonnement som bruker eit anna mobilnett enn det du har. Då mistar ikkje alle dekninga samtidig dersom det oppstår feil i eitt av mobilnetta. 
     
  5. Finn ut korleis du kan kommunisere over wifi 
    Dersom mobilnettet er nede, men internett er oppe, kan du framleis kommunisere over eit trådlaust nettverk (wifi). Aktiver wifi samtale, og avtal kva appar de skal bruke for å halde kontakten. 
     
  6. Lad opp batteribank og utstyr 
    Ha ein oppladd batteribank tilgjengeleg, og ekstra batteri til radioen. Mobilen kan framleis vere nyttig, til dømes som lommelykt, eller når dekninga kjem og går. 
     
  7. Sjekk om kommunen har forsterka mobilnett 
    Mange kommunar har basestasjonar med reservestraum i opptil tre døgn, ofte i nærleiken av kommunehus eller rådhus