Ny skyss-app

Frå 9. mars kjem Skyss med ein heilt ny app der ein kan planlegge kollektivreisa og kjøpe billett på same stad.

  • Den nye appen heiter Skyss
  • Den er ei samanslåing av tre appar: Skyss Reise, Skyss Billett og Skyss Bestilling
  • Alle som har den gamle appen Skyss Reise på mobilen sin, vil motta den nye appen automatisk gjennom ei oppdatering
  • I ny app kan ein både planlegge kollektivreisa og betale for billetten, for alle reiser med Skyss (bybane, buss og båt) i heile Vestland fylke
  • Ein kan bruke den gamle appen Skyss Billett ei stund til. Dersom du har ein gyldig billett i Skyss Billett, kan du vente til denne går ut før du begynner å kjøpe billettar i ny app.
  • Ein kan ikkje flytte billettar frå Skyss Billett til ny Skyss-app. Ein får heller ikkje flytta opparbeidd reiserabatt frå den gamle til den nye appen.
  • Appen Skyss Bestilling vil også fungere parallelt med den nye appen ei tid framover, slik at ein kan velje om ein vil bruke Skyss eller Skyss Bestilling for å bruke bestillingsbuss i dei områda som har dette.

Bli kjent med den nye appen Skyss