Detaljregulering Prestagarden - Oppstartsvarsel

Jf. plan og bygningslova §12-8 vert det varsla oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for Prestagarden, gbnr 53/210 m.fl. Planen vert utarbeidd av Ulvik Herad. Kartet under syner avgrensinga av planområdet. 

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for at det gamle sjukeheimsbygget kan omgjerast til bustadar.

Plandokumenta finn du i planregisteret: 

Detaljregulering Prestagarden

Innspel eller merknadar til planarbeidet sendast til post@ulvik.kommune.no

Alternativt kan du sende dette per brev til Ulvik Herad, Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik. 

Frist for merknad og innspel er 12.04.2026.