Skulehelsetenesta

God helse er utgangspunktet for trivnad, vekst og læring, og motsett kan skulemiljøet påverke helsa, både psykisk og fysisk. Dette er eit viktig grunnlag for arbeidet i skulehelsetenesta. I tillegg arbeidar ein for å førebyggja og avdekka vald, overgrep, omsorgssvikt og bekymringsfullt fråvær. Me har teieplikt.

Elevane kan få råd og rettleiing, og me gjennomfører helseundersøkingar/helsesamtalar og vaksinasjonar. Her møter ein lege, fysioterapeut og helsesjukepleiar. Me tilbyr også samtale og oppfølging av elevar med ulike vanskar og utfordringar, og foreldrerettleiing til dei som ønskjer det.

Les meir om vaksiner i skulealder her.

Open dør

Tenesta er eit lågterskeltilbod, og både elevar, føresette og tilsette i skulen kan ta kontakt utan avtale. Sentralt i retningslinjene er at helsesjukepleiar er tilgjengeleg og synleg for elevane. Elevar og føresette kan snakke med helsesjukepleiar utan å avtale tid på førehand. Skulehelsetenesta har «open dør» og er ein lett tilgjengeleg drop-in teneste ved skulen.

Helsesjukepleiar gjev undervisning om vekst og utvikling, kosthald, hygiene/smittevern, seksualitet og samliv, psykisk helse, samspel foreldre-barn/ungdom m.m. Me kan også tilby støttesamtaler til dei som ynskjer det.

Etter kartlegging hjå helsesjukepleiar kan elevar bli tilvist andre hjelpeinstansar, t.d. fastlege, tannlege eller spesialist. Skulehelsetenesta samarbeider med fleire andre instansar, både i og utanfor skulen. Saman kan me identifisere og løyse helsemessige utfordringar. Samarbeid om namngjevne elevar skjer etter samtykke frå føresette /evt. eleven sjølv. Skulehelsetenesta tilbyr helseopplysning og undervisning til enkeltelevar og grupper/klassar. Her snakkar me om tema som psykisk helse, pubertet, sex og samliv.

 

Kontaktinformasjon

Me oppmodar føresette med barn i alderen 6- 12 år å kontakte oss via HelseNorge.

Åshild Lekve Eide

Helsesjukepleiar

Telefonnr.: 40 00 71 24

Epost: ashild.l.eide@ulvik.kommune.no

Opningstid

Helsesjukepleiar er tilstades på Brakanes barne og ungdomsskule:

Tysdag 09.00-15.00

Onsdag 09.00-14.00

Fredag 09.00- 12.00

Til toppen