Krisesenter

Ulvik herad er tilknytta Krisesenteret for Bergen og omegn.  Du treng ikkje å vera i akutt krise for å få hjelp på krisesenteret. Krisesenteret er eit tilbod til deg som er utsett for vald eller overgrep frå ein partnar, familie eller andre du har eit nært forhald til.

Senteret tilbyr vern, tryggleik, råd og rettleiing. I tillegg ein trygg mellombels stad å bu – eller dagtilbod om du heller ynskjer det.  Absolutt alle kan kontakte krisesenteret, når som helst på døgnet, uansett kjønn og alder. Born kan også vere med på krisesenteret. Du treng ikkje tilvising eller timeavtale for å ta kontakt. Det er gratis å få hjelp og gratis å bu på krisesenteret.

 

Kontaktinformasjon

Krisesenter for Bergen og omegn

Telefon: 55 31 50 50

Epost: krisesenteret@bergen.kommune.no

Kong Oscars gate 62, 5017 Bergen

Opningstid

Døgnope

Til toppen