Jordmortenesta og svangerskapsomsorg

Jordmortenesta er ein del av helsestasjonstenesta i heradet og er eit samarbeid med fødeavdelinga på Voss sjukehus. Du kan sjølv velgje om du vil gå til jordmor, fastlege eller ein kombinasjon av desse under svangerskapet. Me oppmodar til å ta kontakt med oss så tidleg som mogeleg i svangerskapet dersom du ønskjer oppfølging av jordmor. 

 

Første timebestilling må gjerast via telefon til Ulvik legekontor. Etter fyrste konsultasjon kan du kontakte oss via helsenorge.no, det er ein sikker og rask måte å kommunisere på. Du loggar deg på helsenorge.no ved bruk av elektronisk id som f.eks bankid.

Nasjonalfagleg retningslinje for svangerskapsomsorgen anbefala fyrste svangerskapskontroll rundt svangerskapsveke 6 – 12. Frå 1. januar 2022 får alle gravide tilbod om tidleg ultralyd i veke 11-14. I tillegg får gravide som er over 35 år eller eldre ved termin tilbod om non invasiv prenatal test (NIPT). Dette er ein prøve av fosteret sitt DNA og består av ein blodprøve frå mor. Sjå video om fosterdiagnostikk her.

Me tilpassar oppfølginga etter risikovurdering og individuelle behov. Målet er å styrkja det som bidrar til god mental helse, meistring og normal utvikling i svangerskapet, og å avdekke risiko slik at tiltak vert sett inn i rett tid. Gjennom helsekontroll, helsesamtale, råd og rettleiing vil me gje støtte i svangerskap, fødselsførebuing og foreldreførebuing.

 

Hugs å ta med til kvar kontroll:

  • Helsekort, blodprøvesvar og skjema frå ultrlayd, 
    - det kan vere lurt å samle alle svangerskapspapir i ei mappe
  •  Urinprøve
    - urinprøveglas får du kjøpt på apotek

 

Me ynskjer å delta på oppfølging i den første tida med det nyfødde barnet. Jordmor tilbyr heimebesøk etter fødsel og kan tilby hjelp til familieplanlegging og val av prevensjon.

Me vil gjerne at partnar er med på konsultasjonane. Tenesta er gratis.

På svangerskapskonsultasjonane

1.konsultasjon bør skje i svangerskapsveke 6-12. Dette er ein tidleg samtale i svangerskapet der spesielt dine behov og ønskjer er utgangspunktet for samtalen. Jordmor vil også gje deg råd og rettleiing om kosthald, trening, fysisk og psykisk helse, kroppslege endringar og rusmidlar. Du vil få informasjon om vidare oppfølging og fødetilbod. Dersom det er aktuelt vil ein snakke om tidlegare svangerskap, fødslar, barseltid, amming og eventuelle abortar, erfaring med vald og overgrep.

Jordmor vil måle blodtrykk og undersøke urinprøve. Du får eit helsekort frå gravide som du må ta med til alle helseundersøkingar under heile svangerskapet.

Hos lege tar ein rutineblodprøvar i svangerskapsveke 12: Blodprosent, jernlager HIV, hepatitt B, syfilis, blodtype og eventuelle antistoff. Andre blodprøver kan takast ved behov, inkludert glucosebelastningstest i svangerskapsveke 24.

Veke 11-13: Tilbod om tidleg ultralyd.

Veke 17-19: Ordinær ultralyd.

Veke 24, 28, 32, 36, 38 og 40: Hugs å ta med morgonurin og helsekort/blodprøvesvar/ultralydsvar. Samtale om korleis du har det og individuelle råd/rettleiing. Jordmor målar blodtrykk, urinprøve og vekt. Det vert også lytta til fosterets hjertelyd, målt størrelse på magen for å følgje med at den veks som forventa. I veke 28 gjennomgår alle gravide eit spørjeskjema for å oppdage depresjon. Dette vert også gjennomført på 6 vekers konsultasjon v/helsestasjon.

Frå veke 36 vil jordmor særleg ha fokus på korleis barnet ligg i livmora. Jordmor har tett samarbeid med Voss sjukehus og henviser vidare dersom det er behov for fleire undersøkingar eller behandling.

Ved 7-9 dagar over termin til du få tilbod om kontroll på fødeavdelinga ved Voss Sjukehus. Herifrå vil sjukehuset overta oppfølginga.

Du kan lese meir om svangerskapskontroll på Helsenorge:

Svangerskapskontrollar-helsenorge.no

Oppfølging etter fødsel

Jordmor på helsestasjon vil kontakte deg etter fødsel for tilbod om heimebesøk. Heimebesøk av jordmor vil skje innan den første veka etter fødsel. Jordmor vil blant anna hjelpe og rettleie deg med amming, gjere barselundersøkingar på mor og barn, vektkontroll av den nyfødde, samtale om fysisk og psykisk helse, samtale om fødselsoppleving og foreldrerolla. Det er viktig for oss at du får snakke om det du og partnaren din kjenner behov for på heimebesøk.

Helsesjukepleiar vil fylje vidare opp med heimebesøk innan 7-10 dagar etter fødsel, og basisprogram med helsekontrollar på helsestasjon fram til bornet er 5 år gammalt.

 

Kontakt oss

For timebestilling kontakt Ulvik legekontor

Telefon: 56 52 70 40

Telefontid måndag – fredag kl. 08.30-16.00

Skeiesvegen 7, 5730 Ulvik

Opningstid

Jordmor er tilstades ein dag annakvar veke.

Til toppen