Helsestasjon 0-5 år

Helsestasjonstenesta driv helsefremjande og førebyggjande arbeid. Tilsett på helsestasjon er helsesjukepleiar, fysioterapeut, helsesekretær, lege og kommunepsykolog. Tilbodet til born i alderen 0-5 år fyljer det standardiserte helsestasjonsprogrammet med 14 konsultasjonar.

 

Arbeidet inneber heimebesøk til nyfødde, helseundersøking for sped- og småbarn, vaksinering etter barnevaksinasjonsprogrammet, kartlegging, foreldrerettleiing og rådgjeving, støttande samtaler, oppfølging og nettverksarbeid.

Me har fokus på rettleiing og støtte rundt born si vekst og utvikling, og gjev råd i høve til tilknyting, kommunikasjon, samspel og trivnad. Me ynskjer å hjelpe born og familiar som opplev overgrep, vald, rus eller andre vanskelege heimeforhold.

Våre samarbeidspartnarar  fastlege, kommunepsykolog, logoped, skule, barnehage, BUP, PPT og barnevern, og tilviser vidare ved behov. Me har teieplikt, og samarbeid skjer etter samtykke frå føresette.

Dersom bornet er sjuk og treng behandling, skal ein nytte fastlegen sin. Helsestasjonen kan gje råd dersom foreldre er usikre på bornet sine symptom og behov for legevurdering. Febersjuke barn skal ikkje møte på helsestasjonen, men føresette kan ringje for rådgjeving.

Du kan lesa meir om rolla og ansvarsområda som helsestasjon har for dei vanlegaste psykiske helseplagene hos barn og unge her.

 

Kontaktinformasjon

Gunnlaug Lekve

Fagleiar for helsestasjons-og skulehelsetenesta

Telefonnr: 40 00 71 43

Epost: gunnlaug.lekve@ulvik.kommune.no

Åshild Lekve Eide

Helsesjukepleiar

Tlf: 40 00 71 24

Epost: ashild.l.eide@ulvik.kommune.no

Skeiesvegen 5, 5730 Ulvik

Opningstid

Måndag – fredag 08:00- 15:30

Til toppen