Fysioterapitenesta for barn og unge

Fysioterapeuten er involvert i helsefremjande og førebyggjande arbeid retta mot barn og unge. Dette er ofte knytta til informasjon og veiledning på helsestasjon eller i tverrfagleg samarbeid i skulehelsetenesta. Ved sjukdom eller skade gjer ein grundig undersøking som gjer eit bilete av barnets ressursar, funksjonsnivå, utviklingsnivå og interesser.

Barn og unge opp til 16 år har rett på gratis undersøkelse og behandling hjå fysioterapeut. I Ulvik kan ein ringe direkte til fysioterapeutane, det er ikkje behov for henvisning. Om ein ynskjer kan fysioterapeuten også delta på konsultasjonar saman med helsesjukepleiar eller fastlege. Du kan lese meir om fysioterapitenesta her. 

Ulvik herad har ein fysioterapeut som er knytta opp mot helsestasjonen og i skulehelsetenesta. Fysioterapeuten samarbeider tett saman med helsesjukepleiar, lege, ergoterapeut, skule, barnehage og foreldre.

Fysioterapeuten er blant anna med på:

  • 4 mnd kontroll på spedbarn
  • Oppfølging i barselgruppa med mor-far-barn trening og informasjon rundt motorisk utvikling
  • Skulestart undersøkelse saman med helsesjukepleiar og lege
  • Helsesamtale blir tilbudt alle 8.klasse elevar saman med helsesjukepleiar
  • Helsefremjande og førebyggjande arbeid i barnehage og skule
  • Enkelt konsultasjonar og oppfølging med barn og/eller foresatte etter behov

 

Les om rolla og ansvarsområda som fysioterapitenesta har for dei vanlegaste psykiske helseplagene hos barn og unge her.

Kontaktinformasjon

Hedda Walland

Fysioterapeut

Tlf: 40 00 71 92

Epost: hedda.walland@ulvik.kommune.no

Skeiesvegen 5, 5730 Ulvik

Opningstid

Måndag til fredag 08.00- 15.30

Til toppen