Dei som ønskjer å skjenke alkoholholdig drikk, må søke om skjenkeløyve.
Endringar i løyve skjer ofte fleire gangar i løpet av løyveperioden.
Dette kan skje for eksempel:
- ved skifte av styrer og avløysar for løyvet
- endringar i driftskonsept
- endringar i eigarforhold eller sentrale personar i drifta
Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Løyvet fell bort ved overdraging av verksemd. Verksemda kan likevel fortsette på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at løyvemyndigheit (Ulvik herad) er gjort merksam på dette og at det vert søkt om nytt løyve så snart som mogleg og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.
Løyvet kan gjelde
- Alkoholholdig drikk (over 2,5 volumprosent alkohol) med høyst 4,7 volumprosent alkohol
- Alkoholholdig drikk med lågare alkoholinnhald enn 22 volumprosent
- All alkoholholdig drikk
Kriterium/vilkår
- Skjenkeløyve kan ikkje gjevast åleine, det må også føreligge eit serveringsløyve. (lenke!!!!)
- Løyvesøkar og personar som har vesentlig innflytelse på verksemda, må ha utvist uklanderlig vandel.
- For kvart løyve skal det utpeikast ein styrer med vara knytt til serveringsstaden.
- Styrar og vara må begge ha bestått kunnskapsprøva om alkohollova.
- Begge personane må vere over 20 år og arbeide i verksemda.
Pris for tenesta
Alle som innehar en sals eller skjenkeløyve skal kvart år betale et gebyr til kommunen, jfr. alkohollovens § 1-7. Gebyret skal reknast på grunnlag av forventa omsatt mengde alkoholholdig drikk.
Samarbeidspartar
- Vaktselskap/kontrollører
- Lensmann/politi (skal uttale seg om søkjarens og sentrale personers vandel)
- Mattilsynet (kontrollerer hygienen i lokala, spesielt kjøkken- og toalettforhold)
- Skatte- og avgiftsmyndighetene (skal kontrollere / uttale seg om løyvehavar føl skatte-, avgifts- og rekneskapslover)
Retningsliner Ulvik herad
Retningsliner for sals- og skjenkeløyve
Brosjyre:
Kunnskapsprøva - informasjon frå helsedirektoratet
Regelverk
Lov om omsetjing av alkoholhaldig drikk (alkohollova)
Lov om serveringsverksemd (Serveringslova)
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltingslova)
Handbok i alkohollova (Helsedirektoratet)
Forskrift om omsetnad av alkoholhaldig drikk (Alkoholforskrifta)