Sal, skjenke- og serveringsløyve

Ulvik herad kan gje løyve til sal, skjenking, og tilvirking av alkoholhaldig drikk etter intensjonane i alkohollova og etter Forskrift om omsetjing av alkoholhaldig drikk, samt Alkoholpolitiske retningslinjer. (PDF, 147 kB)
Det vert og gjeve serveringsløyve etter serveringslova

  • Sals - og skjenkeløyve blir normalt gjeve for fire år. Det nye heradsstyret kan etter heradsstyrevalet vedta at alle eller nokon løyver skal vidareførast utan fornying kvart 4. år, men berre etter ein revidering av alkoholpolitiske retningsliner.
  • Ambulerande skjenkeløyve og løyve i einskildhøve vert også gitt.
  • Heradet kan også halde kunnskapsprøvar etter alkohollova og serveringslova.
  • Søknad om sal, skjenke- og serveringsløyve skjer via skjema som du finn i skjemabanken. Det blir innhenta   uttale frå politi, skatteetaten og sosialkontor.
  • Gebyr etter gjeldande reglar i Forskrift om omsetjing av alkoholhaldig drikk kap.6.


For å drive serveringsverksemd må du ha bestått etablerarprøven. Du kan lesa meir om 
etablerarprøven for serveringsverksemd her.

 

Sider.jpg - Klikk for stort bilete

Publisert av Anne-Marit Lekve. Sist endra 25.03.2020