Mitt Aidn - Ulvik herad

Mitt Aidn

Mitt Aidn er kommunen sitt verktøy for trygg digital kontakt mellom deg, dine pårørande og helse- og omsorgstenestene. Målet er å gjere det enklare å halde oversikt, stille spørsmål og samarbeide med tenestene. 


Kva tenester bruker Mitt Aidn

Mitt Aidn vert brukt av alle pleie- og omsorgstenestene i kommunen: heimebaserte tenester, institusjonar, avlastingsbustad og bufellesskap. 

Mitt Aidn vert også brukt av tildelingskontoret, kreftkoordinator, demenskoordinator, rus og psykisk helse, samt ergo-/fysioterapitenesta.   

Legetenesta bruker ikkje Mitt Aidn, men har Digital dialog gjennom Helsenorge.  

 

Kven kan bruke Mitt Aidn

Alle som får oppfølging frå helse- og omsorgstenestene i kommunen får automatisk tilgang til Mitt Aidn. Du loggar inn med BankID på mitt.aidn.no.

Pårørande kan også få tilgang dersom pasienten samtykkjer til det. Den pårørande logger seg inn med BankID på mitt.aidn.no, og ber om tilgang. Tenesta vil då undersøke om det føreligg samtykke og deretter godkjenne tilgangen. Brukar/pasient kan trekke tilbake samtykket på eit seinare tidspunkt om dei ynskjer dette.  

Tenesta er frivillig å bruke, og du vel sjølv kor mykje du vil delta digitalt. 

 

Når kan du bruke Mitt Aidn

Søknad om helse- og omsorgstenester

Du kan søkje om helse- og omsorgstenester digitalt via Mitt Aidn. Søknadane går direkte til kommunen, og du får oversikt over kva som er sendt inn og kva som er behandla. Du kan også sjå ei oversikt over vedtak og tenester du får, har fått eller skal få. 

Livshistorie

Når du vert tenestemottakar i kommunen, kan du fylle ut «Min livshistorie». Der fortel du om livet ditt, vanar og kva som er viktig for deg. Pårørande kan også bidra med informasjon, slik at personalet raskare blir kjende med deg. 

Meldingar

Du kan sende meldingar direkte til tenesta der du er tenestemottakar. Meldingar er spesielt aktuelt dersom du lurar på noko eller vil gje ein kort beskjed. Dette gjeld ting som ikkje hastar og som du tidlegare ville ringt tenesta for fortelje eller spørje om.  

Du skriv meldinga i Mitt Aidn og får SMS-varsel når det kjem svar. Du må logge inn igjen i Mitt Aidn for å lese svaret. 

Det må påreknast noko tid før du får svar på meldinga di, men ein freistar å svare så raskt som mogeleg. Spesielt i helgene når det er mindre bemanning kan det gå tid før meldinga di vert besvart, tidvis ikkje før påfølgjande veke. 

Meldingar vert oppbevart i systemet i 3 månadar. Dersom informasjonen er viktig for oppfølginga di, kan tenesta velgje å lagre informasjonen i journalen din. 

Kalender

Kalenderen viser heimebesøk, opphald og andre avtalar som gjeld deg. Private avtalar kan også leggjast inn slik at alt kjem på same plass. I kalenderen kan du også avlyse heimebesøk. 

Oppslagstavle

Oppslagstavla blir brukt til felles informasjon frå kommunen eller avdelinga du høyrer til. Det kan vere meldingar om aktivitetar, smittevern, arrangement eller praktiske beskjedar. Du får varsel på SMS når noko nytt blir lagt ut på oppslagstavla, og du må logge inn i Mitt Aidn for å lese. 

Behandlingsplan

I Mitt Aidn kan du sjå måla som er sette for behandlinga di, og kva tiltak som blir gjort. 

Du ser ikkje alt som står i journalen. Tenesta viser berre den informasjonen som er relevant for deg og dei pårørande du har gitt tilgang. 

Nettverk

Under «Nettverk» finn du ei oversikt over kven som har ansvar for deg, til dømes primærkontakt og andre fagpersonar.

 

Når skal du ikkje bruke Mitt Aidn 

Akutte situasjonar eller ting som hastar

Du skal ikkje bruke Mitt Aidn dersom du treng hjelp med ein gong, til dømes ved sjukdom, skade eller alvorleg endring i helsetilstanden. Då må du kontakte aktuell kommunal teneste, legevakt på 116 117 eller ringe 113

Særleg sensitiv informasjon

Informasjonen som vert sendt i Mitt Aidn er synleg for alle som arbeider på avdelinga meldinga vert sendt til. Er det ting som er særleg sensitive eller som du ikkje ynskjer at fleire skal vite, bør du ikkje bruke Mitt Aidn.  

Konfliktar og usemje

Mitt Aidn eignar seg ikkje til konfliktløysing. Ta kontakt med ansvarleg leiar og be om eit møte. Du kan skrive kort i Mitt Aidn at du ønskjer ein samtale eller eit møte, utan å gå inn i detaljar.

Klage på vedtak eller tenester

Du kan ikkje sende klage gjennomg Mitt Aidn. Dette kan du gjere ved å ta kontakt med Tildelingskontoret, og sende ei klage til kommunen for handsaming. 

Slik kjem du i gang

  1. Gå til mitt.aidn.no
  2. Logg inn med BankID
  3. Les gjennom informasjonen og prøv deg fram. 

Mitt Aidn fungerer best på mobil, men kan også brukast i nettlesar på PC eller nettbrett.

Om du treng hjelp, kan du ta kontakt med helse- og omsorgstenesta i kommunen. 

Lag snarveg på telefonen

iPhone

  1. Opne Safari og gå til mitt.aidn.no
  2. Trykk på delingssymbolet nede på skjermen (ruta med pil opp)
  3. Vel Legg til på heimskjerm
  4. Du kan endre namn om du vil, til dømes «Mitt Aidn»
  5. Trykk Legg til

 

Snarvegen kjem no opp som eit ikon på skjermen, og du kan trykke direkte på det for å logge inn.

Android

  1. Opne Chrome og gå til mitt.aidn.no
  2. Trykk på dei tre prikkane øvst til høgre
  3. Vel Legg til på startskjerm
  4. Skriv inn namn, til dømes «Mitt Aidn»
  5. Trykk Legg til

 

Snarvegen kjem no opp som eit ikon på skjermen, og du kan trykke direkte på det for å logge inn.

 

Vil du vite meir? 

Bli kjent med Aidn!