Ung jobb 2017. Lyst på ein sommarjobb eller har du eit oppdrag til ungdom?


UngJobb  - Klikk for stort bilete

 

Gjeld for ungdom busett i Ulvik i alderen 14 – 19 år og for perioden 23. juni – 17.august

Ung Jobb ble starta opp igjen i 2016 etter vedtak i Ulvik heradstyre og sterkt ynskje frå Ulvik ungdomsråd og Cittaslowrådet.

Ordninga blir nå vidareført i 2017. Tiltaket skal:

  • fungere som eit aktivitetstilbod til ungdom i skuleferien
  • gje høve for ungdom til å «tene eigne pengar»
  • gje innsikt i lokalt næringsliv og skape lokal identitet
  • gje kunnskap og røynsle om det å være arbeidstakar med dei rettar og pliktar som det fører med seg

Ung Jobb fungerer slik at oppdragsgjevar i Ulvik melder inn arbeidsoppdrag og der ungdommane melder si interesse for arbeidsoppdrag- begge til heradet.

Ulvik herad si oppgåve er å «kopla» oppdragsgjevar og ungdom (oppdragstakar). Det er oppdragsgjevar – ikkje Ulvik herad som er arbeidsgjevar, og avtalar vert inngått direkte mellom oppdragsgjevar og oppdragstakar.

Ulvik herad er med som ein «tilretteleggjar» og har utarbeidd informasjon om ordninga til partane.

Den viktigaste suksessfaktoren for ordningaer at ein får innmeldt tilstrekkeleg med arbeidsoppdrag. Det kan vera alt frå arbeid i hage/ landbruk, maling og oppussing inne eller ute, hotell og reiseliv, butikk/ lager, dyrestell, barnepass, IT/data mm.

Informasjon til oppdragstakar/ungdom. (PDF, 302 kB)

Informasjon til oppdragsgjevar (PDF, 389 kB)

Innmeldingsskjema for oppdragstakar/ungdom (DOCX, 15 kB)

Innmeldingsskjema for oppdragsgjevar (DOCX, 13 kB)

 

Oppdragsavtale (DOCX, 14 kB)

 

Brosjyre finn du her (PDF, 866 kB)

Dersom du har spørsmål til ordninga eller treng hjelp – kontakt:

Harald Johnsen tlf. 56 52 70 51 eller 4000 7151 eller send
epost til:
harald.johnsen@ulvik.kommune.no

Natalia Golis tlf. 56 52 70 33 eller 4000 7133 elles send
epost til
natalia.golis@ulvik.kommune.no

Sist endra 19.06.2017