Kantklypp og vegetasjon

Vegetasjon som veks over veg og fortau skapar mange trafikkfarlege situasjonar for både fotgjengarar, syklistar og bilistar.

Som eigar eller disponent av ein eigedom langs veg og/eller med avkøyrsel til veg eller gang- og sykkelveg pliktar du å gje god sikt for alle trafikantar langs eigedommen (jfr. Veglova §31 og §43):

  • Hekk og buskar skal ikkje vekse ut i veg og fortau
  • Trafikkskilt skal vera godt synleg
  • Vegetasjon skal ikkje vera høgre enn 50 cm i siktesoner i vegkryss
  • Overhengande greiner skal ikkje vera lågare enn 3  m over gang og sykkelsti og 5 m over køyrebane

Sjå også informasjon frå Statens vegvesen (PDF, 291 kB) om korleis sikre god sikt i veg og avkøyrsle.

Du kan også varsle kommunen dersom du som fotgjengar eller bilist opplever at det oppstår trafikkfarlege situasjonar i forbindelse med vegetasjon som sperrar fortau, siktesoner o.l. 

Til toppen