Brøyting og strøing

Ulvik herad har ansvaret for brøyting og strøing av kommunale vegar. Til dette arbeidet nyttar heradet ulike entreprenørar. Vintervedlikehaldet skal på best mogeleg måte ivareta trafikktryggleiken og framkommelegheita for alle trafikantar.

Sjekk kven som er vegeigar her: Vegvedlikehald

Kva kan du forventa av oss?

Espen Syljuåsen
  • ​​Normalt brøytar me hovudvegar, bustadvegar og prioriterte fortau innan kl. 07.30 på kvardagar.
  • Vegar og gater skal vera framkommelege for fotgjengarar og vinterutrusta køyretøy. 
    Ved vanskelege vêrtilhøve, særleg ved skifte til mildvêr, kan det likevel verta vanskelege køyretilhøve og avvik.
  • Brøytemannskap tek så langt det er mogeleg omsyn til eigedomane/avkøyring langs vegen.

Kva forventar me av deg?

  • Fjern sjølv snø etter brøyting som er lagt inn i privat avkøyring, jf. veglova §43.
  • Ikkje legg snø på offentleg veg eller fortau, jf. veglova §57.
  • Fjern all vegetasjon på eigen grunn som heng ut i køyrebana, fortau eller liknande, og som er farleg for trafikktryggleiken og til hinder for brøytemannskapet og andre trafikantar, jf veglova §31,
  • Flytt køyretøy som er til hinder for vintervedlikehaldet.
  • Ikkje fjern oppsette brøytestikker.
  • Merk utsette gjerde, postkassar og liknande, om mogeleg ein halv meter frå det du vil markera.
  • Gjerde skal tåle snølast frå vanleg brøyting. Ulvik herad har ikkje ansvar for skadar på gjenstandar som har vore nedsnødd.
  • Unngå å parkera langs vegar der det kan vera til hinder for brøyting og strøing av vegnettet. 
  • Som sjåfør er du ansvarleg for at køyretøyet ditt har tilstrekkeleg veigrep etter tilhøva.

Gjev beskjed ved vesentlege avvik

Til toppen