Fysiske krav til røykdykkar
Kvart år må røyk- og kjemikaliedykkarar i brannvernet visa at dei klarar dei fysiske- og arbeidsrelaterte tenestakrava. I Eidfjord klarte 10 av 16 brannkonstablar denne testen i 2021.
Krava
Løpebandet – krav til fysisk uthaldande
Tid: 8 minutt
Vekt: 23 kg
Fart: Konstant fart på 5,6 km/t
- Frå 0 – 1 minutt skal båndet ha ein vinkel på 2,5 grader (ca 4% stigning)
- Frå 1 – 2 minutt skal båndet ha ein vinkel på 4,0 grader (ca 7% stigning)
- Frå 2 – 8 minutt skal båndet ha ein vinkel på 7,0 grader (ca 12% stigning)
Knebøy – krav til muskelstyrke
Vekt 23
- Veldig bra - 25 eller fleire repetisjonar
- Brukande - 24 til 15 repetisjonar
- For svakt - 14 eller færre repetisjonar
Push-ups – Test av armstrekkjarane og brystmyskulatur
- Veldig bra - 25 eller fleire repetisjonar
- Brukande - 24 til 15 repetisjonar
- For svakt - 14 eller færre repetisjonar
Horisontale opptrekk – test av arbbøyarar og skuldermuskulatur
- Veldig bra – 12 eller fleire repetisjonar
- Brukande – 11 til 7 repetisjonar
- For svakt – 6 eller færre repetisjonar
Publisert 04.10.2021 10.12
Sist endra 04.10.2021 10.12