Feiing og tilsyn

Det er Vestnorske feiartjenester AS som utfører feiing og tilsyn på vegne av Ulvik kommune.
Vestnorske feietenester v/Rolf Helle.
5600 Norheimsund

Tlf: 917 08 277

Telefontid mellom Kl 08- 08.30. Ved ubesvarte anrop vert de ringt tilbake.

Forskrift om brannførebygging frå 01.01.2016 pålegg kommunar å feia alle bygningar som har pipe/eldstad. Fritidsbustadar inngår i denne ordninga.

Når kjem feiaren?

Feiing/tilsyn skal utførast ved behov. Du vert varsla på SMS før feiaren kjem. Om du er usikker på om me har riktig kontaktinformasjon, kan du sjekka kva telefonnummer me har registrert på deg

Kva vert utført?

  • Heile fyringsanlegget (eldstad og skorstein) vert kontrollert.
  • Etter behov vert røykkanal feia.
  • Det vert lagt vekt på brannførebyggjande informasjon om til dømes røykvarslarar, rømmingsvegar, sløkkjeutstyr og rett fyring.

Ditt ansvar før feiaren kjem

  • Ha klar ein stige opp til taket
  • Sørgja for at det er takstige
  • Sørgja for fri tilgang til skorstein/pipe og sotluke
  • Dersom feiing ikkje skjer frå tak, må feiaren ha tilgang til røykkanal

Pris for feiing/tilsyn

Merk at kostnaden er fordelt på 2 og 4 år. Det vil sei at du òg betalar dei åra du ikkje har feiing/tilsyn.

Prisar finn du her

Feiing/tilsyn av fritidsbustader

Den einskilde vil få varsel frå feiaren om når feiing eller tilsyn skal skje.

Fritak for feiing

Pipa må vera plombert, eller omnen må vera fysisk fjerna for å søkja om fritak for feiing. . Ta kontakt med kommunen for meir informasjon.

Her kan du søkja om fritak frå feiegebyr 

Til toppen