Spesialundervisning

 

Elevar som ikkje har, eller ikkje kan få tilfredsstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning etter § 5 i Opplæringslova. Før kommunen gjer vedtak, skal det liggja føre ei sakkunnig vurdering frå PPT. Dei føresette kan sjølve ta kontakt med PPT, eller samtykkja i at skulen kan gjera det.


Frå 1. januar 2005 er Ulvik medlem av Voss interkommunale PP-kontor. Samarbeidskommunane i dette kontoret er Voss, Ulvik, Granvin, Aurland, Ullensvang og Eidfjord. Vossakontoret kjem til å ha eit avdelingskontor i Kinsarvik. Ulvik får tenester frå kontoret på Voss.

Publisert av Alis Lund-Johansen. Sist endra 24.09.2015