SFO (Skulefritidsordninga)

Du kan nå SFO på telefon 56 52 74 28 eller 4000 71 70. 

Ope mellom kl. 07.30 og 16.30. 

Skulefritidsordninga er eit tilbod for elevar I 1- 4 klasse og for elevar med særskilde behov i 1- 7 klasse 

Søknadsskjema/prisar SFO

Søknadsfrist 15.mars

 

Skulefritidsordninga er eit omsorgs- og aktivitetstilbod utanom den obligatoriske skuletida. Det vert lagt til rette for leik, fritids- og kulturaktivitetar, og lagt vekt på å gje borna natur- og kulturopplevingar i nærmiljøet.

Skulefritidsordninga har base i klasseromma til 1. og 2. klasse. I tillegg nyttar SFO skulekjøkkenet, formingsalen, gymnastikksalen og andre klasserom etter behov. Ein nyttar leikeplassen på skulen som uteareal.

Skulefritidsordningar har eit fulltidstilbod og eit halvdagstidlbod.
 

Sist endra 15.02.2018 11:12

Kontakt

Wenche Opedal
SFO- leiar