SFO

Du kan nå SFO på telefon 56 52 74 28 eller 4000 71 70. 

Ope mellom kl. 07.30 og 16.30. 

 

Prisane for SFO finn du her 

 

12 timar gratis SFO for 1. trinn frå og med skuleåret 2022/2023

 

Søknadsfrist 15.februar

Her søkjer du SFO-plass

Skulefritidsordninga er eit omsorgs- og aktivitetstilbod utanom den obligatoriske skuletida. Det vert lagt til rette for leik, fritids- og kulturaktivitetar, og å gje borna natur- og kulturopplevingar i nærmiljøet.

Skulefritidsordninga har base i klasseromma til 1. og 2. klasse. Me nyttar skulekjøkkenet, formingsalen, gymnastikksalen og andre klasserom etter behov. Leikeplassen på skulen er uteareal.

Skulefritidsordninga er eit tilbod for elevar i 1.-4. klasse og for elevar med særskilde behov i 1.-7. klasse

Skulefritidsordningar har eit fulltidstilbod og eit halvdagstidlbod.

SFO er stengd i juli månad.

Vedtektene for SFO finn du her (PDF, 77 kB)

Søk om redusert foreldrebetaling i SFO for elevar 1. – 4. trinn (PDF, 64 kB)

Til toppen