Biblioteket

2015 - Klikk for stort bilete

På Ulvik folkebibliotek finn du eit rikt utval av fag- og skjønnlitteratur for barn, ungdom og vaksne. Me tilbyr òg lydbøker, tidsskrift, teikneseriar, aviser, og DVD-filmar Her kan du nytta studieplass og tinga møterom.
Bøker, lydbøker og tidsskriftartiklar biblioteket ikkje har sjølv kan skaffast frå anten frå oss, andre bibliotek når de ikkje finn det hjå oss, og me kan reservera bøker som er utlånt. Alle lån på biblioteket er gratis. Bortkome eller skadd materiale må erstattast. Ein må heller ikkje låne vidare bøker ein har lånt på biblioteket. Det er tilgang til Wi-Fi på biblioteket. Me har utanlandske og historiske aviser tilgjengeleg på biblioteket.

Publisert av Theresa Wallevik. Sist endra 22.11.2016
Opningstider for biblioteket
Opningstider:Maritastykket 3
Måndag16.00 – 19.00
Tysdag10.00 - 16.00
Onsdag10.00 - 16.00
Torsdag16.00 – 19.00
FredagStengt

Søk i biblioteket sin katalog

DIGITALE RESSURSAR

 

Web-søk

I katalogen vår kan ein søkja og reservera bøker, lydbøker og filmar: KATALOG 
Dersom du loggar deg inn får du oversikt over alle låna dine, som du òg kan fornya. Pin-kode får du hjå oss.

 

E-lån

Ynskjer du å låne e-bøker? Me tilbyr eit utval av e-bøker for Ipad, Iphone og Android-telefonar. Her kan du låne og reservera, og du treng lånekort og pin-kode. Sjå rettleiing for E-lån Hordaland her: E-LÅN HORDALAND

 

Filmbib
Denne tenesta tilbyr streaming av kort- og dokumentarfilmar av nyare dato, men òg eit utval av filmar som går tilbake i tid. Du vil finna ei unik samling av kortfilmar for både barn og vaksne: animasjonsfilmar, eksperimentelle filmar og humoristiske korte historiar. Her er òg historisk interessante og samfunnsaktuelle dokumentarar: FILMBIB

 

Hardangerbiblioteka
Ulvik folkebibliotek samarbeider med Voss -og Hardangerbiblioteka om tilskiping av litteraturkveldar, konsertar, føredrag og andre framsyningar for barn og vaksne. Vi har ei felles nettside og her legg vi ut nyheiter og anbefalingar: http://www.hardangerbiblioteka.no/.

 

Følg og gjerne på facebook: https://www.facebook.com/ulvikfolkebibliotek

 

NYTT FRÅ BIBLIOTEKET

Publisert 22.02.2017
Den gåtefulle vegen

Teaterframsyning for born 3-10 år

Publisert 21.09.2016
Kaffekopp.png

Vil du vera frivillig samtalepartnar på språkkafè? Sjå her!

Publisert 20.09.2016
pressreader

PressReader gir deg nye aviser og tidsskrift i komplett digital utgåve. Du kan lese på nettbrett, smarttelefon eller datamaskin.

 

Publisert 20.09.2016
13923715_1808041726094929_5400997502869541690_o.jpg

Sakprosaforfattaren Erika Fatland vitjar biblioteket med ei eineståande reiseskildring frå ei verd nesten ingen nordmenn kjenner i den kritikarroste boka Sovjetistan: en reise gjennom Turkmenistan, Kasakhstan, Tadsjikistan, Kirgisistan og Usbekistan (2014).

Publisert 26.01.2016
Nettavis biblioteket

På biblioteket får du no tilgang på over 5000 nettaviser og tidsskrift frå over 100 land via PressReader.

 

Kontakt

Theresa Wallevik
Theresa Wallevik
Biblioteksjef