Nye Bøker på biblioteket

Her er eit utval av dei siste bøkene som har kome til biblitoket.

Amerikansk karmageddon: tanker om mitt fordømte fedreland

Thomas Seltzer har skrive bok om USA, dette landet han kjenner betre enn dei fleste. Boka er dels ei reiseskildring frå USA. Den er i tillegg ein analyse av dagens USA, ein analyse som både er personleg og subjektiv, men også basert på objektive kjensgjerningar og landets historie. Og delvis er 'Amerikansk karmageddon' Thomas Seltzers eiga forteljing om livet og røtene hans.   Seltzer viser korleis og kvifor landet han elskar over alt på jord har vorte til denne kaotiske slagmarka me her i Europa ikkje forstår. Boka er ei personleg melding om ein - for han - varsla katastrofe, og har ein nerve og ein tone som både er morosam, rasande, sarkastisk, melankolsk og dønn ærleg. Og ikkje minst er den poengtert og lærerik.   Det er ei bok som vil gi oss svaret på mange av dei tinga me lurer på om dette gåtefulle landa og folket i vest, og som undersøkjer korleis og kvifor den amerikanske draumen vart til eit amerikansk mareritt.  

USYNLIGE MENN - Et nytt perspektiv på norsk likestilling

Are Saastad -   ER LIKESTILLINGA FOR ALLE?   Me er vant til å tenkja at likestilling er likestillinga til lik kvinner. Men skal ikkje likestillinga vera for oss alle?   Denne boka rokkar ved tilvante framsyningar. Usynlege menn gir ei brei oversikt over område der gutar og likestillingssituasjonen til menn ikkje blir anerkjend som han bør: farskap og omsorg, samlivsbrot, helse, det kjønnsdelte utdannings- og arbeidsmarknaden, vald og utanforskap.   Boka inneheld òg ein analyse av norsk likestilling anno 2022, og stiller spørsmål ved retninga på dagens kvinnerørsle. Mot slutten blir det lista opp ti punkt for ei betre likestilling.   Usynlege menn kan lesast som rein folkeopplysning, samtidig som boka er kontroversiell og eigna for debatt. For er me eigentleg villige til å utvida perspektivet vårt på norsk likestilling?

ÉN SVALE GJØR INGEN SOMMER - Filosofi om lykke

  Hilde Vinje  - «Én svale gjør ingen sommer», skrev den greske filosofen Aristoteles for 2400 år siden. Slik er det også med lykken, mente han: Én dag eller et kort øyeblikk er ikke nok til å gjøre et menneske lykkelig.    Forfatter og filosof Hilde Vinje viser hvordan de gamle grekerne kan gi oss nye perspektiver på lykken. I dag tenker mange på lykken som en flyktig følelse, men kanskje er lykken avhengig av hvordan et liv utvikler seg over tid?   Lykken handler om hvordan vi velger å leve, skal vi tro antikkens filosofer. Livet må inneholde en viss grad av medgang, mente flere, men det avgjørende er likevel hvem vi er og hvordan vi handler. Uten en slik innsats, vil livet aldri bli fullstendig og lykkelig.

KRIG I VÅR TID - Ukraina, Russland, Europa og Noreg

Halvor Tjønn -   Demokratiet har aldri slått røter i russisk jord. Herskarane i Kreml har styrt landet diktatorisk, uavhengig av folkeviljen. Då Vladimir Putin kom til makta i 1999, førte han dette systemet vidare. Ukraina har på den andre sida vore eit langt friare samfunn gjennom mesteparten av si historie. Den 22. februar 2022 gjekk Putin til krig mot det frie ukrainske samfunnet. Igjen er det krig på vårt kontinent, og Europa står midt oppe i ein kamp mellom demokrati og diktatur. Denne kampen vil vera avgjerande for Europas framtid.   Halvor Tjønn er historikar og journalist. I denne artikkelsamlinga fylgjer han utviklinga av Ukraina-krigen, frå det tidspunktet Putin tok til å truga  med krig, gjennom krigsutbrotet i februar og fram  til tidleg på hausten 2022.

Til toppen