Grunnvaksinering:
Alle vaksne bør oppgradera grunnvaksineringa si mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio med 10 års mellomrom. Mange har gjort dette i samband med utanlandsreiser, sjekk vaksinane dine på helsenorge. Legekontoret har Boostrix polio evt berre Boostrix på lager. Ta kontakt for avtale dersom du ønsker vaksine. Vaksinen kostar ca kr 350 og vaksineringsarbeidet kr 150,-
Informasjon hjå FHI her:
Hvilke vaksiner anbefales til voksne? - FHI
Mpox-vaksine (tidlegare kalt Apekopper):
https://www.helsenorge.no/sykdom/infeksjon-og-betennelse/mpox
Risikogrupper for smitte med Mpox er tilrådd å ta vaksine mot dette. Ulvik tilbyr ikkje denne vaksinen, men har ein avtale om at enkeltpersonar kan venda seg til vaksinasjonskontoret i Bergen kommune. Sjå informasjon her:
Bergen kommune - Mpox-vaksine
Ring Smittevernkontoret på førehand for timeavtale- 55 56 58 80. Smittevernkontoret ligg i Bergen Helsehus (same bygg som Legevakten), Solheimsgaten 9, 4.etasje. Inngang C.