Smittevern

Kommuneoverlegen er smittevernansvarleg lege, med kommunelege 2 som stadfortredar.

Ta kontakt for behandling og rettleiing ved mistanke om smittsam sjukdom.
Kommunehelsetenesta har også mange oppgåver innan førebygging og smittevern.

Tuberkulosekontroll etter regelverk frå 2009. Dei mest aktuelle gruppene som skal testa seg for smitte, er asylsøkjarar/flyktningar, innvandrarar (også familieinnvandring) og arbeidssøkjarar frå land med høg risiko for tuberkulosesmitte.
Land med høg risiko

Info på engelsk til aktuelle grupper arbeidsinnvandrarar finn du her:

Informasjon (PDF, 126 kB)

 

Du som jobbar innanfor helse eller med barn og unge, og som har opphalde deg meir enn 3 mnd i land med høg forekomst av tuberkulose,skal gjennom screening:

Skjema (PDF, 118 kB)

 

Reisevaksinasjon

Skal du ut å reise? Då kan det vera lurt å ta ein vaksine for å forebyggje sjukdom og eventuell smitte.

Ta kontakt med kommuneoverlegen eller helsesjukepleiar, tlf 56527040 el 56527042

Helsesjukepleiar ivaretek dei fleste oppgåver i.f.t utanlandsreise og reisevaksinasjon, ta kontakt for avtale. Du kan òg venda deg til kommunelegekontoret og få ein legetime for rettleiing ved utanlandsreise og vaksinasjon.

Til toppen