Psykisk helse

Psykiatrisk sjukepleiar driv og dagsenter og møteplass saman med miljøarbeidar, har samtaletilbod i gruppe for elevar ved Hjeltnes Gartnarskule saman med helsesøster, og inngår i kommunens psykososiale kriseteam.

I stillinga inngår oppfølging av brukarar gjennom praktisk hjelp og samtalar, utarbeiding av koordinator for individuell plan, familie- og nettverksarbeid.

Psykiatrisk sjukepleiar ynskjer å gje støtte og omsorg når det er trong for det i kvardagen, enten ved samtalar eller samhandling i høve til det problem den einskilde opplever som vanskeleg.

"Målsettingen med psykisk helsearbeid i kommunene er å bidra til å fremme selvstendighet, tilhørighet og styrke evnen til å mestre eget liv for mennesker med psykiske lidelser".
Fra veileder- psykisk helsearbeid for
vaksne.

 

Sosiale tenester til vanskelegstilte:

- Praktisk bistand og opplæring
- Brukarstyrt personleg assistanse
- Avlastningstiltak
- Støttekontakt
- Omsorgslønn


Vaskeriet / Nr 10 er ein psykiatrisk dagavdeling primært som eit tilbod for å bryta sosial isolasjon.

Me har faste arbeidsoppgåver som er tilrettelagt arbeid for den enkelte.

Treng du hjelp til klevasken?

  • ryer
  • dyner
  • gardiner
  • dukar
  • private klede

Vaskeriet har for sal: 

  • ulike håndarbeidsartiklar
  • brød/rundstykke på bestilling 

 

Nettportal om vald i nære relasjonar og valdtekt

Publisert av Alis Lund-Johansen. Sist endra 19.02.2016 08:41

Kontakt

Vaskeriet nr 10 Brakanestunet nr.10
Beredskap:40007176