Kreftkoordinator

For kontakt med kreftkoordinator i Ulvik herad, ring Ulvik omsorgstun sitt sentralbord: 56527080 mellom 08.00 og 15.30 vekedagar

Ulvik herad har kreftkoordinator knytt til nettverk for kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Bergen føretaksområde. Kreftkoordinator er f.t sjukepleiar med arbeidsplass på omsorgstunet.

Føremålet med kreftkoordinator er å bidra til kompetanseheving og betre samhandling på alle nivå i helse- og omsorgstenesta, slik at kreftpasientar i alle fasar av sjukdommen og pasientar med behov for lindrande behandling i alle sjukdomsgrupper, og deira pårørande, opplever tryggleik og mottek gode og heilheitlege helse- og omsorgstenester»

 

Til toppen