Lungesjukepleiar/ lungerehabilitering

Målet med lungerehabilitering er å hjelpa personar med kols og ustabil astma til best mogleg helse og livskvalitet i kvardagen gjennom oppfølging i lokalmiljøet.

Teamet består av lungesjukepleier og fysioterapeut.

Vi tilbyr opplæring og informasjon om kols/astma. Råd om ernæring, angst og depresjon, medisinbruk, fysisk aktivitet, pusteprøve og røykeslutt.

Vi har eiga treningsgruppe for personar med kols og astma.

Lungerehabilitering er eit lågterskeltilbod og tenesta er gratis. 

Ein må betale vanleg Helfo takst for behandling hjå fysioterapeut og for å vera med på lungegruppa – dette er ein del av frikortordninga.

Ta kontakt med legekontoret dersom de ikkje får tak i lungesjukepleiar 

Gry Vikør
Lungesjukepleiar
E-post
Telefon 95 73 54 08
Til toppen