Her er nokre av dei tinga ein ergoterapeut kan bidra med i Leik og Le – Aktive barn og unge:
- Observasjon og kartlegging av aktivitetar
- Tilrettelegge aktiviteten - aktivitetsanalyse,
- Redusere vanskegrada - finne alternative aktivitetar for dei som har utfordringar
- Redusere stimuli
- Fysisk tilrettelegging av omgivnadane både inne og ute
Ergoterapeuten kan også bidra i planlegging og tilrettelegging for overgang frå barnehage til skule, grunnskule til vidaregåande og frå heim til eigen bustad, og er ofte med i ansvarsgrupper/koordinator og utarbeiding av individuell plan.
Barnehage:
- Tilpasse leik og aktivitet
- Kartlegge og trene på finmotorikk/blyantgrep
- Trene på å vere sjølvstendig i ulike aktivitetar
- Tilrettelegge omgivnadane:
- Det kan vere fysisk,
- Legge til rette for leik med andre
- Redusere stimuli for dei som trenger skjerming
Skule:
Ergoterapeutar kan vere ein del av tilbodet til elevar med samansette læringsvanskar eller forsinka finmotorisk utvikling som trenger tilpassa opplæring.
- Ved hjelp av «kvardagsmeistring» - det vil sei tilrettelegging og trening på grunnleggande ferdigheiter i skulekvardagen, som:
- Skrive
- Klippe
- Vere sjølvstendig i påkledning
- Kartlegge og tilrettelegge for elever med sansemoduleringsvanskar som fører til uro og konsentrasjonsproblem
- Tilrettelegge for deltaking i aktivitetar i friminutta saman med andre elevar.
Heime:
- Tilrettelegge for leik – inne og ute
- Trene og tilrettelegge for å bli sjølvstendig i ønska aktivitetar, som for eksempel å klare seg på badet sjølv eller ete sjølv.
- Tilrettelegge for å lette omsorgsoppgåver for pårørande ved bruk av tekniske hjelpemidlar eller velferdsteknologi