Skulehelsetenesta 5- 20 år

Kva tilbyr me?

 

Skulehelsetenesta er eit tilbod til alle elevar i grunn- og vidaregåande skular. Barn og unge har rett til tilgjengeleg skulehelseteneste.


Du kan få råd og rettleiing, helseundersøking og vaksinasjon. 1. og 8. klasse møter lege, fysioterapeut og helsesjukepleiar.

 

Tiltak mot alle og tidleg innsats er viktige prinsipp for tenesta. I møte med elevane og  samarbeid med skulen skal helsesjukepleiar bidra til å fremje godt psykososialt og fysisk læringsmiljø for elevane.

 

Sentralt i retningslinjene er at helsesjukepleiar er tilgjengeleg og synleg for elevane. Å styrkja psykisk helse, førebyggja og avdekke vald, overgrep og omsorgssvikt og bekymringsfullt fråvær.

 

Tenesta er gratis

Til toppen