Helsestasjon for ungdom

  • På Helsestasjon for ungdom møter du helsepersonell som du kan snakka med om emne som opptek deg.
  • Tilbodet er gratis for ungdom opp til 20 år.
  • Det vil alltid vera helsesjukepleiar tilstades, i tillegg er lege tilgjengeleg.
  • HUGS me har teieplikt!

 

Døme på emne som du kan ta opp:

  • Spørsmål om kroppen
  • Hudproblem
  • Problem på skulen
  • Du kjenner deg trist og einsam
  • Parforhold
  • Seksualitet generelt
  • Homofili
  • Rus og rusmisbruk
  • Røyking
  • Graviditet
  • Menstruasjonen
  • Slanking og etevanskar
  • Psykiske vanskar
  • Vonde opplevingar, til dømes seksuelt misbruk, vald/sjukdom i familien

Helsestasjonen kan m.a. hjelpa deg med:

  • Reseptar og anna behandling for helseproblem
  • Tilvisingar til andre instansar i helsevesenet
  • Prevensjonsrettleiing og prevensjon
  • Testing med tanke på kjønnssjukdomar
  • Graviditetstest

 

Kontaktinformasjon

Gunnlaug Lekve - helsesjukepleiar

Telefonnr.: 40 00 71 43
e-post: gunnlaug.lekve@ulvik.kommune.no
Skeiesvegen 7, 5730 Ulvik
Kontortid: 08:30 - 15: 30

 

Åshild Lekve Eide - konstituert helsesjukepleiar

Telefonnr.: 40 00 71 24
e-post: ashild.l.eide@ulvik.kommune.no
Skeiesvegen 7, 5730 Ulvik
Kontortid: 08:30 - 15:30

Til toppen