Helsestasjon for barn 0-5 år

Kva tilbyr me?

Alle born 0-5 år får tilbud om regelmessige konsultasjonar på helsestasjonen. Tilbudet i helsestasjonen 0-5 år er eit standardisert program med 14 konsultasjonar, inkludert heimebesøk til nyfødt. Les om helsestasjonsprogrammet

 

På helsestasjonen møter du jordmor, helsesjukepleiar, lege og fysioterapeut. Me vil gje målretta helseundersøking, vaksinasjon, foreldrerettleiing og helseopplysning

 

Målet med helsestasjonsprogrammet er at foreldre opplever mestring i foreldrerolla, å bidra til godt samspel mellom foreldre og born. Fremje fysisk, psykisk og sosial utvikling hjå spe-og småbarn. Å førebyggje, avverge og avdekke vald, overgrep og omsorgssvikt. Bidra til at barn får oppfølging og vert henvist vidare ved behov.

 

Tenesta er gratis.

Helsestasjonen får melding om alle nyfødde frå fødeavdeling. Helsesjukepleiar tek kontakt og tilbyr heimebesøk innan 10 dagar etter fødsel. Det er viktig at nytilflytta sjølv tek kontakt med helsestasjonen

 

Til toppen