Ulvik har 1 stilling som helsesjukepleiar. Ho arbeider med:
-
Helsestasjon for barn 0-5 år
Kva tilbyr me?
Alle born 0-5 år får tilbud om regelmessige konsultasjonar på helsestasjonen. Tilbudet i helsestasjonen 0-5 år er eit standardisert program med 14 konsultasjonar, inkludert heimebesøk til nyfødt (link til helsestasjonsprogrammet
På helsestasjonen møter du jordmor,helsesjukepleiar,lege og fysioterapeut. Me vil gje målretta helseundersøking,vaksinasjon,foreldrerettleiing og helseopplysning
Målet med helsestasjonsprogrammet er at foreldre opplever mestring i foreldrerollen,å bidra til godt samspel mellom foreldre og born. Fremje fysisk,psykisk og sosial utvikling hjå spe-og småbarn. Å førebyggje,avverge og avdekke vold,overgrep og omsorgsvikt. Bidra til at barn får oppfølging og vert henvist vidare ved behov.
Tenesta er gratis
Helsestasjonen får melding om alle nyfødde frå fødeavdeling. Helsesjukepleiar tek kontakt og tilbyr heimebesøk innan 10 dagar etter fødsel. Det er viktig at nytilflytta sjølv tek kontakt med helsestasjonen
Kontaktinformasjon
Ta kontakt på tlf 56527042 el mob 40007143 eller send sms
-
Skulehelsetenesta 5- 20 år
Kva tilbyr me?
Skulehelsetenesta er eit tilbod til alle elevar i grunn- og vidaregåande skular. Barn og unge har rett til tilgjengeleg skulehelseteneste.
Du kan få råd og rettleiing,helseundersøking og vaksinasjon. 1. og 8. klasse møter lege,fysioterapeut og helsesjukepleiar.
Tiltak mot alle og tidleg innsats er viktige prinsipp for tenesta. I møte med elevane og samarbeid med skulen, bidra til å fremje godt psykososialt og fysisk læringsmiljø for elevane.
Sentralt i retningslinjene er at helsesøster er tilgjengeleg og synleg for elevane. Å styrkja psykisk helse,førebyggja og avdekke vold,overgrep og omsorgsvikt, bekymringsfullt fråvær.
Tenesta er gratis
Kontaktinformasjon
Ta kontakt med helsesjukepleiar på tlf 56527042 eller mob 40007143
Kva tilbyr me:
Helsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod om helsetenester for ungdom 13-20 år
Stad: Ulvik helsestasjon, Sentrumsbygget
Tid: Ope kvar onsdag frå kl 14- 15.30. Tilbodet er gratis og du treng ikkje bestille time på førehand. På helsestasjonen møter du helsesjukepleiar, lege tilgjengeleg. Evt sende sms på mob tlt 40007143
-
Miljøretta helsevern (reisemedisin, helseopplysning, vaksinasjon)
-
Flyktningetenesta
-
Tverrfagleg samarbeid/samarbeidsgrupper
HPV vaksine
Nettportal om vald i nære relasjonar og valdtekt
Barne-,ungdoms-og familiedirektoratets nettsted "Foreldrehverdag"