Folkehelse, miljø og helse

Miljøretta helsevern omhandlar alle faktorar som direkte eller indirekte kan innverka negativt på helsa.

I kommunen vår er det kommuneoverlegen som har ansvar for desse sakene.

Folkehelsearbeidet i kommunen vår vert ivareteke av ei tverrfagleg gruppe. Koordinator er helse- og sosialleiar Åshild Sønsteby. 

Folkehelse 

Heradet har eit folkehelseråd. Helsefremjande samfunnsutvikling krev systematisk og langsiktig samarbeid. Gjennom å leggja omgjevnadane til rette, kan innbyggjarane lettare velja dei gode helsefremjande vala.

Fysisk aktivitet er eit viktig verkemiddel i høve å førebyggja både psykisk og kroppsleg sjukdom. Natur og kultur kan vera nyttige reiskapar i folkehelsearbeidet. Tilrettelegging av at slik aktivitet vert ein naturleg del av kvardagen vil bidra positivt i høve folkehelsa.

For meir informasjon - kontakt kommuneoverlegen eller helsesøster

Folkehelseoversikt for Ulvik (PDF, 4 MB)

Unni Solem
Kommuneoverlege
E-post
Telefon 40 00 71 35
Til toppen