Ergoterapitenesta

Ergoterapi er eit tilbod til menneske i alle aldrar som av ulike grunnar har, eller står i fare for å få vanskar med å utføra og meistrar daglege aktivitetar. Ergoterapeutar tar utgangspunkt i kva som er meiningsfullt og viktig for den enkelte, og som kan nyttast av alle med kort- eller langvarige funksjonsnedsetjingar.

Ergoterapeutar fremmar aktivitetsutføring, legg til rette for meiningsfull aktivitet og utviklar inkluderande omgivnader for at flest mogleg skal kunna oppleva deltaking og meistring.

I Ulvik herad er det ein ergoterapeut i  60% stilling, som har kontor på Ulvik Omsorgstun. Tenesta er gratis.

Ergoterapeuten kan hjelpe deg med:

  • Samtale om viktige aktivitetar for deg, korleis kvardagen din er no og ønsker for framtid.
  • Funksjonsutgreiing, testing, kartlegging og observasjon av korleis du utfører dei daglege aktivitetane dine.
  • Trena på å utføra/meistrar dei daglege aktivitetane dine.
  • Råd, rettleiing om korleis bustaden og/eller andre arenaer du ferdast på kan tilpassast og gjerast funksjonell for deg.
  • Tilpassing av bustad - moglegheit for å søka tilskot og lån.
  • Bistå med å vurdera behov for tekniske hjelpemiddel, søknad og opplæring i bruk.
  • Samarbeider med andre tenester/faggrupper ut frå behovet ditt, og kan visa vidare ved behov.
  • Kunnskap om universell utforming i eksisterande bygg og uteområde.

Rullestol  

Aina Samnøy
Ergoterapeut
E-post
Mobil 400 07 191
Til toppen