Hjelp i heimen

 

Heimehjelp:

Praktisk bistand/heimehjelp omfattar praktisk hjelp i heimen til enklare reinhaldsoppgåver. I tillegg kan tenesta også omfatta personretta praktisk bistand som hjelp til eigenomsorg og personleg stell.

Tenesta vert gitt etter prinsippet om hjelp- til - sjølvhjelp. 

Det er fylkesmannen som fører tilsyn og er klageinstans.

Prisar heimehjelp

Søknadsskjema (PDF, 86 kB)

Sørviserklæring (PDF, 12 kB)
 

___________________________________________________________________________

Heimesjukepleie:

Omfattar helsetenester i heimen til akutt eller kronisk sjuke/personar med nedsett funksjonsevne som har behov for nødvendig helsehjelp i heimen etter nærare avtale. 

Tenesta vert gitt etter prinsippet om hjelp-til -sjølvhjelp. 

Det er fylkesmannen som fører tilsyn og er klageinstans.

Søknadsskjema (PDF, 86 kB)

Sørviserklæring (PDF, 11 kB)

 

Utkøyring av middag 

To rettars middag vert levert heime etter søknad til dei som ikkje klarar laga middag sjølv. Sjå pris her 

Sørviserklæring (PDF, 77 kB)


Tryggleiksalarm

  • Gjeld heimebuande eldre, funksjonshemma eller sjuke der falltendens og det å kjenna seg utrygg i eigen bustad er aktuell problemstilling. 
  • Søkjar må vera heimebuande i Ulvik, ha fasttelefon, ha tilstrekkeleg høyrsle og forstå korleis alarmen skal brukast.
  • Månadleg leie 

Kontaktperson: Avdelingssjukepleiar open omsorg. 

Sørviserklæring (PDF, 10 kB)
 


Ergoterapi

Kan hjelpa til å vurdere ulike hjelpemiddel som kan kompensere for sjukdom eller eit funksjnstap som har gjort kvardagen vanskeleg reint praktisk.
Tilrettelegging av bustad er eit av alternativa som kan vurderast. Ergoterapeut vil også gje evt. opplæring i bruk av tekniske hjelpemidlar.

Sørviserklæring (PDF, 80 kB)


Tekniske hjelpemiddel

Korttidsutlån av tekniske hjelpemiddel frå kommunen sitt lager. Varig utlån av hjelpemiddel frå Hjelpemiddelsentralen. Utprøving, tilpassing og trening i bruk av eit teknisk hjelpemiddel når eit hjelpemiddel har vorte løysinga på eit daglegdags problem. Problemet kan vera knytt til personleg stell, husarbeid, forflytning, skule/barnehage eller arbeidssituasjon.

Hørseltekniske hjelpemiddel: 
krev spesiell utgreiing og Ulvik herad har eigen kontaktperson for høyrseltekniske hjelpemiddel. 

Synstekniske hjelpemiddel: 
Ergoterapeut er kontaktperson for denne type hjelpemiddel. 


Logopedtenester

Ulvik herad kjøper logopedtenester hjå nabokommunen. Behov for logoped for heimebuande må gå via fastlege. For beburarar ved Ulvik sjukeheim vert det gjort avtale etter behov.

Omsorgs- og trygdebustad

Bustad vert prioritert personar som har behov for spesielt tilpassa husvære for å utsetja, hindra eller erstatta institusjonsplass og vanskar med å tilretteleggja eigen bustad.  Inntaksnemnda handsamar søknader om bustad. 

Sørviserklæring (PDF, 10 kB)


 

 

 

Sist endra 05.10.2016