Generell informasjon Pleie og omsorg

Topplogo  - Klikk for stort bilete

Ulvik herad ligg ved Hardangerfjorden og er omkransa av flotte skog- og fjellområde som innbyr til tur- og friluftsliv heile året. I  tillegg er det  eit yrande badeliv om sommaren. Me har eit aktivt idretts- og kulturliv, med  flotte anlegg for leik og idrett både sommar og vinter.  Kulturlivet i bygda blømer med poesifestival, fiskefestival,  blueshelg  og mykje meir! Det nye  dokumentasjonssenteret for Ulvik-forfattaren Olav H. Hauge, ligg midt i bygda. Heradet har eit godt utbygt tenestetilbod. Du får tilbod om barnehage- og SFO-plass om du ynskjer det. Hent meir informasjon på vår heimeside.

Avd. pleie og omsorg har samla tenestene for open omsorg og institusjon i ein ressursbase ved kommunal institusjon: Ulvik sjukeheim.

Ein arbeider likevel etter prinsippet om å ha ein fast arbeidsstokk ved institusjon og ein i open omsorg, Den som arbeider hjå oss må likevel vera førebudd på å arbeida på tvers av avdelingane når det er behov for det.
Oppdrag i heimespl. på ettermiddag/kveld og natt vert i dag fordelt på tilsette som har seinvakt. Oppdrag på natt vert utført av nattevakter v/institusjon.
Sjukeheimen har 21 sengeplassar. Me er aktive i rehabiliteringsarbeidet og har tverrfaglege møte ein dag for veka internt.

Me har dagavd. for demente 5 dg/veke med eige personalet knytt til avdelinga. Dagavdelinga har base ved sjukeheimen og held til i lyse og trivelege lokale med stove og kjøkken.

 
Me har Cosdoc som elektronisk pasientjournalsystem.
 

Kjøkenet ved Ulvik sjukeheim lagar tradisjonsrik og god heimelaga mat. Dei lagar også middag for utkøyring til heimebuande. Tilsette her arbeider turnus med arbeid kvar 3.helg.

Fysioterapeut er knytt til kommunal institusjon og deltek aktivt i rehabiliteringsarbeidet / førebyggjande arbeid og med rettleiing og råd til personalgruppa. 
 
Ergoterapeut har kontor ved omsorgsbasen v/sjukeheimen. Stillinga er knytt til alle innbyggjarane i Ulvik med ulike behov for tilretteleggjing/tilpasning. Arbeidsoppgåvene er varierte og mange og omfattar tiltak knytt til bebuarar i institusjon og heimebuande i alle alderskategoriar (vaksne/ungdom/barn).
Ergoterapeut er sentral i rehabiliteringsarbeidet i heradet og er leiar i kommunalt rehabiliteringsteam og medlem av Underutval for rehabilitering knytt til Voss lokalsjukehusområde. Ergoterapeut er også kontaktperson mot NAV-Hjelpemiddelsentral Hordaland.
 
Me prøver å leggja til rette for aktivitetar for bebuarane ved institusjon der song og musikk står i fokus både med lokale og regionale arrangement.
 
Dagsenteret ”Arbeidsstova” held til i sokkeletg. der heimebuande eldre møtest til sosialt treff og ulike typar handverksarbeid med årleg basar som målsetjing.
 
 
Sjå elles på søknadskjemaet  (PDF, 86 kB)om alle tenestene me kan tilby i avd. pleie og omsorg.
 
Me er mange yrkesgrupper samla og i fellesskap representerer med ei tiltakskjede av mange ulike tenester.
 
Ynskjer du forandring og prøva noko nytt eller har lang fartstid innafor kommunale omsorgstenester er kanskje Ulvik i Hardanger ein stad du kan tenkja deg å bu og arbeida?
 
Me har høg trivselsfaktor i avdelinga og er ein gjeng jenter og gutar som set faget i fokus med tverrfagleg samarbeid!!
 
Ta kontakt for uformell prat! – kanskje har me ledig stilling for akkurat deg!
 

Sjå ledige stillingar 

 
Publisert av Alis Lund-Johansen. Sist endra 13.02.2017

Kontakt

Karin Fleten
Pleie og omsorgsleiar