Fleirbrukshallen og rehabilitering av symjebassenget

Riggplan flerbrukshall - Klikk for stort bilete

 

Informasjon om prosjektet

Kontrakt

Ulvik herad skreiv i juli kontrakt med Fronta Bygg AS om bygging av fleirbrukshall og rehabilitering av symjebassenget på Brakanes skule.

Sjå Fronta sin nettsida her.

Framdrift

Heradet har gitt rammeløyve og entreprenøren har etter godkjent søknad starta opp med førebuande arbeid, mellom anna omlegging av eksisterande leidningar i grunnen. Fram mot oktober vil det verta utført grunn- og betongarbeid. Deretter skal bygget reisast, og entreprenøren planlegg å ha tett bygg før det kjem snø.

Symjehallen vert stengt frå begynnelsen av desember, og vert ikkje opna att før overlevering av hall og basseng til skulestart 2016. Symjebassenget vert fornya med eit laminert stålbasseng (veggpanel), ny overløpsrenne og ein pvc-membran i botnen. Det tekniske utstyret vert også fornya. I 2014 vart taket i hallen (himlingen) og lysarmatur skifta ut.

HMS

Totalentreprenøren Fronta Bygg tek sikte på å halda jevnlege byggemøter med heradet og underentreprenørar for tett oppfylgjing av tryggleik, kvalitet og framdrift i prosjektet. I etterkant av byggemøte vil skulen jevnleg verta orientert.

Byggeområdet vert sperra av og skilta med byggeplass der det er forbudt å gå inn for andre enn bygningsfolk.

Skulevegen. Varslingsplan

Gangvegen ved Betel vil til tider verta nytta til tilkomstveg for byggemateriell. Fronta Bygg skal utarbeida varslingsplan for skilting og styring av gangtrafikk. Varslingsplanen skal sendast til Statens vegvesen for godkjenning.

Betel

Betel vert etter avtale med Indremisjonen brukt som anleggskontor i byggetida

Riggplan flerbrukshall - Klikk for stort bilete

Fronta Bygg AS informasjonsskriv Brakanes Skole (PDF, 54 kB)

 

 

 

Grunnsteinlegging 29.09.2015

Tidskapsel - Klikk for stort bilete

Grunnsteinlegging - Klikk for stort bilete

 

 

 


 

Artikkelen frå Hordaland avisa finn du her. (PDF, 471 kB)

Ordførar sin tale sjå her. (PDF, 10 kB)

Publisert av Claudia Saathoff. Sist endra 02.10.2015