Brann og feiing

Kven har feiing- og tilsyn i Ulvik herad?
VF Vestnorske feietenester v/Rolf Helle 
5600 Norheimsund
                                                                                     
Kor ofte er det feiing?
Dei fleste får feiing kvart 2. år

Kor ofte er det tilsyn?
Det er tilsyn kvart 4. år
 
Årleg feie- og tilsynsavgift
Ulvik herad har frå og med 2003 innført ei fast feie- og tilsynsavgift. Avgifta vert janma ut over 4 år og skal dekka alle kostnader heradet har med feiing og tilsyn. 

Betaling for feiing av pipe med fleire løp
Det skal betalast avgift for dei pipeløp som har tilknytt eldstad.
 
Eldstad/pipe som ikkje er i bruk
Det er mogeleg å få eldstaden plombert slik at eldstad/pipe ikkje kan nyttast og såleis ikkje verta kravd for årleg feie- og tilsynsavgift. Plombering skal kontrollerast av heradet.
    
Feiing av hytter og fritidsbustader
Dersom  det er ynskjeleg med feiing av hytte og fritidsbustad må eigaren sjølv ta kontakt med feiar for å få dette utført. Det er då feiaren som sender faktura for utført arbeid.
 
Kvifor stige/trinn på hustak?
Dette er feiaren sin arbeildsplass og tryggleiken må difor prioriterast. VF Vestnorsk feietjenester v/Rolf Helle er arbeidsgjevar og han har dermed  eit arbeidsgjevaransvar for sine medarbeidarar.
 
Slepp huseigar å betala feie- og tilsynsavgift når han feiar sjølv?
Dersom huseigar vel å feie sjølv, må han likevel betala feie- og tilsynsavgift til heradet.
All feiing skal utførast av fagfolk, men er det særs tungtvegande grunnar for å feia sjølv, skal feiaren godkjenna arbeidet. Huseigar tek kontakt med feiaren før feierunden slik at kontrollen kan utførast på feierunden.
Publisert av Alis Lund-Johansen. Sist endra 19.08.2015