Rådmann

Rådmannen er øvste administrative leiaren i heradet. Rådmannen skal sjå til at politiske vedtak vert iverksett og at kommunen si drift er i samsvar med lov, regelverk og politiske vedtak. Rådmannen har vide fullmakter til å styre drifta av kommunen innanfor dei delegeringar som heradstyret har gitt eller som føl av lov.

Rådmannen og leiarane av resultateiningane utgjer heradet si strategiske leiargruppe og skal jobbe for å utvikle heradet i den retninga som heradstyret vedtek.

Rådmannen og hans stab og støttepersonale har kompetanse innan mellom anna økonomi, personal, arkiv, informasjonsteknologi og digitalisering, kulturforvaltning, beredskap, planarbeid og samfunnsutvikling.

 

 

Sist endra 03.04.2019

Kontakt

Thore Hopperstad
Rådmann